mandag 31. august 2009

Are Kalvø, ein nynorsk misjonær?

Are Kalvø, kjent som forfattaren bak humoristiske bøker som Bibelen 2 og Syden, var på skolen min førre veke, og dette har eg lyst til å skrive litt om.

Først, kort om Are Kalvø. Han er ein norsk forfattar og satirikar, født 31.desember 1969. Han har gitt ut ein rekke verk og debuterte som forfattar i 1994 med boka ''Absolutt Oslo''. Tidleg på 90-talet dukka han opp som programleiar i det kjende radioprogrammet, ''Hallo i uken''. Han skrivar alle sine tekstar på nynorsk, og han har vunne fleire gjeve prisar.

Eg trur ikkje eg vil gløyme førestellinga til Are Kalvø med det første. Eg synast han var ein underhaldande type og eg likte ironien han brukte som hjelpemiddel. Under førestellinga var det ikkje eit uengasjert publikum som sat og så på, nei snarare tvert i mot. Det at han klarte å held på ein så stor samling trøtte og til dels skulelei ungdom seier sitt.

Personleg er eg ikkje ein stor tilhengjar av det nynorske språket, sjølv om eg nå, mot min vilje, sitt å skriv det. Dette er ein meining eg trur eg har til felles med fleire. Men det at Are Kalvø bare skriv på nynorsk forandrar ikkje det faktum at eg har veldig lyst å lese ein, eller kanskje fleire av han sine bøkar.
Men ein ''superman'' er han ikkje. Under førestellinga spilte han mykje på dette ''nynorskhatet'' som er blant elevar. Eg så det slik at han prøvde å få elevar til å tenkje seg om ein gang til. Og gjennom sjølvironi og humor, prøve å få oss til å like nynorsk. Dette fungerte iallfall dårleg på meg. Så det skal nok meir til enn ein førestelling av Are Kalvø, (terningkast 5), til for å konvertere meg til nynorsken.