søndag 1. november 2009

Problemer under debatt

Georg Brandes krev at litteraturen må sette problemer under debatt. Dette er ikkje blit nokre mindre viktig i nåtia sin litteratur. Eg synast dei problema som burde bli tatt opp er problem som folk ofte ikkje tenkjer over, men som ein treng ei lita påminning om. For at folk skal gidde å lese noko må dei vere interesserte i kva som står skrevet. Det er ikkje alltid like lett å få ein kjemi med lesarane, men tar ein opp problem som lesarane har eigne meiningar om, vil stoffet bli interessant, enten lesaren er einig eller ueinig med forfattaren. Dei problema eg som oftast forbind med moderne litteratur er problem som til dømes, folk som er ekskludert frå samfunnet, religionskonfliktar og familietragediar. Men eg synast også dei problema som blei tatt opp før i tia, kan vere like viktige den dag i dag, som dei var da.